top of page

VASK AV UTEOMRÅDE

Vask av uteområde som steinmur, belegningsstein og betong er viktig av fleire grunnar. Her er nokre av fordelane ved å vaske desse overflatene regelmessig i eit bedriftsbygg:

  1. Utsjånad: Det er viktig å ha eit reint og velhaldent uteområde for å gje eit positivt inntrykk til kundar, tilsette og besøkande. Ein rein og velstelt bygning og uteområde reflekterer profesjonaliteten og omsynet til bedrifta.                     

  2. Vedlikehald: Regelmessig reingjering hjelper med å førebygge oppbygging av skitt, mose, algar og anna ureinheit som kan føre til skader på overflaten over tid. Dette kan føre til høgare vedlikehalds- og reparasjonskostnadar i det lange løp.                                                                                                                                                                            

  3. Tryggleik: Algar, mose og anna vegetasjon kan gjere overflater glatte og utrygge å gå på. Ved å halde desse overflatene reine, kan ein redusere risikoen for fall og skader.                                                                                                                 

  4. Lengre levetid: Regelmessig reingjering av overflater kan hjelpe med å bevare materialet og forlenge levetida. Dette betyr at ein kan spare pengar på lange sikt ved å redusere behovet for reparasjonar eller utskifting av materialet.

FRAMGANGSMÅTE

  1. Først vil vi inspisere uteområdet som skal vaskast for å identifisere eventuelle spesielle omstendelegheiter eller følsomme områder som må takast omsyn til og legge ein plan i forhold til vasstilgong og diverse.                                                                                           

  2. Deretter vil vi vurdere om vi treng å påføre noko reingjeringsmiddel, og påfører det isofall gjennom høgtrykkvaskaren sitt reingjeringsmiddelsystem eller softvask-systemet vårt.                                                                                                                                                                 

  3. Til slutt vil vi då spyle vekk reingjeringsmiddela vi eventuelt har brukt med lågt vasstrykk eller so bruka vi høgtrykk. Vi brukar berre høgtrykk på overflater som tåler det som stein og betong, og ikkje materiale som trevirke med mindre kunde vil det.

Betong Åsaberget 1.png
Steinmur Åsaberget 1.png

UTSTYR

Vi har kraftige høgtrykkspylarar som lett fjernar skit og algar frå vanskelige overflater som stein, mur og betong. Samtidig som vi har store overflatevaskarar som hjelp oss med å dekke store områder på kortare tid

©2023 av Utevask AS.

bottom of page