VINDUSVASK
Vindusvask er viktig av fleire grunnar:
​
-
Utsjånad: Først og fremst hjelper reine vindauge med å gi eit positivt førsteinntrykk. Eit reint og velhaldt bygg viser at ein bedrift bryr seg om detaljar og kan gi eit meir profesjonelt inntrykk til kundar, besøkande og tilsette.
-
Vedlikehald: Over tid kan smuss, støv og anna skitt byggje seg opp på vindauge og forårsake permanente skadar som riper og flekkar. Regelmessig reingjering kan forhindre dette og spare bedrifta for kostnader med å erstatte eller reparere vindauge i det lange løp.
-
Lys og utsikt: Reine vindauge slepp inn meir naturleg lys, som kan hjelpe til med å redusere behovet for kunstig belysning og dermed redusere straumkostnadene. I tillegg kan det ha ein positiv effekt på trivselen og produktiviteten til dei tilsette.
FRAMGANGSMÅTE
-
Først vil vi inspisere vindua som skal vaskast for å identifisere eventuelle spesielle omstendelegheiter eller følsomme områder som må takast omsyn til og legge ein plan i forhold til vasstilgong og diverse.
-
Deretter koblar vi til Unger rentvannsystemet vårt til enten huskran eller vasstank.
-
So tek vi fram lansa vår som kan strekke seg ut til 12 meter og set på den passande vaskekosten til dine vindauge.
-
Vi begynder å vaske dei øverste vindua og bevega oss nedover før vi går vidare til neste side av bygget.
-
Til slutt ser vi over vindauga og ser vi har fått med oss alt og at det ikkje ligg igjenn noko på vindauga.


UNGER RENTVANNSYSTEM
I bedrifta vår brukar vi Unger rentvannsystem for vindusvask.
Dette er eit spesielt reingjeringssystem som brukar deionisert vatn for å fjerne smuss og skitt frå vindauge utan behov for såpe eller andre reingjeringsmiddel. Systemet består av ein vassforsyningsenhet som fjerner alle mineraler og ureinheiter frå vatnet, og ein teleskopstang med ein pensel på enden for å nå høge vindauge.
